Fribokom til live ein seinsommar ved at tre musikarar enda opp rundt eit kjøkkenbord for å samanlikne tradisjonar og drikke te. Mange timar seinare når dei kom tilbake til verkelegheita frå eit inspirerande musikalsk landskap, oppdaga dei at teen var blitt kald men bordet var lagt og vegen opna for eit nytt musikalsk møte.

Der og då bestemte dei seg for å vidareføre denne vakre og uvanlege samankoblinga av musikk og leite etter dei mange trådane som batt dei saman på ein veldig naturleg men samtidig uventa måte.

Eit nytt sett av musikk fulgte tett i helane og Fribo byrja å dele sine nøye samanvevde slåttar og melodiar med resten av verda, og sidan har deira grasiøse miks av Anne Sofie si klokkeklare stemme, Sarah-Jane sin skotske highlandske felebruk og Ewans harmoniske gitar akkompagnement møtt stor respons både frå publikum og promotørar rundt om.

Våren 2007 var dei på omfattande turnéar både i Storbritannia og Norge i anledning cd-slepp, og hausta gode kritikkar både frå publikum og anmeldarar i begge land.

Dei har tidlegare i karrieren vore oppvarmingsband for det populære anglo-svensk bandet SWÅP i Stirling og det svenske superbandet GROUPA på Nordlysfestivalen i København, og delte nyleg scene med dei kritikarroste og populære banda Rannarim og Hjallarhorn, også på Nordlysfestivalen.

Andre høgdepunkt i karrieren er Telemarkfestivalen (buskspel og opa scene), 5 konsertar inkludert cd-sleppkonsert og Festival Club på Celtic Connections festivalen i Glasgow, Josefines Viseklubb (cd-slepp konsert), Raulandsakademiet, Skye World Music Festival, Orkney Folk Festival og Northern Streams (del av Edinburghs Ceilidh Culture).

Fribo har allereie utmerka seg for publikum såvel som promotorar og presse i både Norge og Skottland med grunnleggjande og nyskapande musikk. Gruppa har bl.a. fått terningkast 5 i Aftenposten og strålande kritikkar i mange musikkmagasin i Skottland, samt England, Amerika, Australia, Danmark, Belgia og tyskland.
Fribo blir også ofte spelt på radioen i Storbritannia.

Fribo er eit av banda i spissen for den nye “Nu-Nordic Scene”-genren som no er blitt presentert i ein større, nyleg utgjeve artikkel i det prestisjetunge musikkbladet “The Living Tradition”.
Artikkelen, av Ewan MacPherson, viser kva denne nye genren inneber, med stigande interesse frå både publikum og scener, og bl.a. eit voksande behov for boltreplass for denne nye typen musikk som Fribo representerar. Fleire band er involverte, noko som viser seg i fleire nye utgjevingar og konsertar.

Det kritikarroste bandet har og fått tildelt ein pris frå The Scottish Arts Council for kreativitet og utvikling, som dei har brukt til å spele inn debutcden sin "The Ha' O' Habrahellia", produsert av Fraser Fifield, for å dokumentere og promotere musikken sin til eit vidare publikum.

Ved å stå oppført i bøkene til Stoneyport Agency, eit av Skottlands fremste musikkbyrå, samt Lene Furuli og Norsk Folkemusikkformidling, kan Fribo berre gå framover og oppover!

Norsk Kontakt: Anne Sofie Linge Valdal
E : annesofielinge@googlemail.com
T Scotland : +44(0)7957 172 267
T Norway : +47 90 79 17 27
web: www.fribo.co.uk
www.myspace.com/fribo
www.myspace.com/sirenmusic

Sjølvbiografiar

anne sofieewansarah janepaul