paul jennings
(Perkusjon og vokal)

Paul Jennings kjem frå Shetland og er rekna som ein av Skottlands fremste perkusjonistar. Han har vore profesjonell utøvar sidan 16-årsalderen, og starta karrieren sin med å turnere med det legendariske skotske bandet “Old Blind Dogs”.
Spelinga hans har ført til samarbeid med mange forskjellige prosjekt og utøvarar, inkludert mange av topputøvarane i Skottland, som “Croft No. Five”, “Old Blind Dogs”, “Wolfstone” og “Capercailiie”.
Han er ein erfaren utøvar med blant anna over 10 turnear i Amerika, og meir enn 30 cd-innspelingar.
Paul har nyleg komponert og framført bestillingsverk for Celtic Connections festivalen i Glasgow, både i 2006 og 2007, saman med Fraser Stone.
Han var også ein av grunnleggjarane av det banebrytande world/fusion bandet Croft.No.5.
Paul er også perkusjonisten i “Tapeire”, eit hit dance/music show med Guinnes World Record vinnaren av “Raskaste dansaren i verda”, James Divine. “Tapeire” har også med seg multi-plate selgar artisten Ashley MacIsaac.
“Tapeire” er å finne på Broadway i New York heile November 2007.
Nokre av dei andre artistane Paul har jobba med:
“Findlay Napier & The Bar Room Mountaineers”, Fred Morrison, Jim Malcolm, Jenna Reid, Jullie Fowlis, Emily Smith, “Blazin’ Fiddles”, “Boys of the Lough”, Andrew White, “The Blizzards”.

guitar