Anne Sofie Linge Valdal

kjem frå Valldal på Sunnmøre og er oppvaksen i ein tradisjonsrik familie. Ho har folkesong som hovudinstrument, men er også gjerne innom jazz og pop. På repertoairet står også seljefløyte, bodhran og skotsk steppedans.

Anne Sofie har delteke på mang ein kappleik og oppnådd gode plasseringar der.
Som frilansmusikar har ho fått brukt tradisjonsbakgrunnen sin i fleire prosjekt både i Norge og Skottland, og gjorde sterkt inntrykk i ein av Skottlands mest ettertrakta musikar og produsent  Jim Sutherlands sitt bestillingsverk “Cold Weather Dancing”, for Celtic Connerctions 2004.

Anne Sofie er også å høyre på den nye Live-innspelte plata til Andi Neate, “Lion Taming for Astronaughts”. Ho er også aktiv i sessionmiljøet i Edinburgh og Glasgow, der ho har stor suksess med å blant anna introdusere seljefløyte og kveding blandt reelar og jigar!
Ho har også gjort fleire innspelingar for skotsk tv, blant anna "Blue Heaven", og har stor erfaring på scene og i studio.

Etter at cd`en til Fribo no er ferdig, er Anne Sofie i full gang med å planlegge ein solocd.
Ho er også i gang med eit prosjekt der ho vil ta for seg linken mellom norske og Gaeliske songtradisjonar I tillegg til mFribo er ho også med i “38F”, der ho samarbeidar med talentfulle skotske musikarar som Amy Geddes (Tannas), Sarah Roberts ( Eliza Carthy Band), og Annlaug Børsheim frå Norge.

Anne Sofie er også agenten for Fribo i Norge.

 



guitar